lørdag 22. november 2014

Dei vi elskar, dei vi et

Dess meir vi identifiserer oss med våre eigne kjæledyr, dess meir blir kroppsdelane i kjøttdisken anonymiserte. Når vi fortviler og demonstrerer for skjebnen til ein enkelt hund, bør vi ha ein matpolitikk som viser at dyra i matdisken ikkje er noko vesensforskjellige frå dei vi kjæler med heime.
Saken er publisert i Bergens Tidende 22. november 2014, som igjen er en forkortet versjon av artikkelen «En fortvilet fisk» fra Syn og segn, nr. 4. 2014.

Vi liker å forstå oss sjølv som noko heilt anna enn dyra. Som om det er eit absolutt skilje mellom dei og oss. Dette er slik dei fleste kulturar har forstått tilværet. Fisk og grisar endar ikkje i himmelen. Men stadig meir forsking viser at så mykje av det som vanlegvis blir sett som klare skilje mellom dyr og menneske, eigentleg handlar om gradsforskjellar.

Dyr har følelsar. Dei kan bli både glade og fortvilte. Dei kan bli sinte, redde, sjalu, stolte, vise kjærleik og hat. Mange dyr viser empati. Elefantar, aper og delfinar støttar og hjelper sjuke og såra, trøystar døyande. Laboratorierotter viser sympati med artsfrendar som lir.

Dyr har samfunn. Dei planlegg og samarbeider, hjelper kvarandre og lurer kvarandre. Og mange dyr lærer bort ferdigheitene sine til nye generasjonar.

Dyr har språk. Vokabularet er ikkje som hos oss, men dei kommuniserer med både kroppspråk og lydar. Mange dyr viser også ei enda større evne til språk. Fleire kan lærast opp til vokabular på hundrevis av ord, og til og med gi uttrykk for abstrakte omgrep om tid og følelsar.

Da Jane Goodall først oppdaga sjimpansars reiskapsbruk, var det ein sensasjon, fordi dette tradisjonelt hadde blitt sett som så grunnleggjande knytt til det å vere menneske. Mange andre pattedyr, fuglar, fisk og insekt gjer det same. Fleire dyr viser estetisk sans, både i å skape og i å nyte. Noen skapar vakre strukturar for å tiltrekke seg partnarar og pyntar seg sjølve. Desse dyra vil skape det vakre, dei vil gjere seg sjølv vakre, og dei veit at dette er noko andre vil setje pris på.

Som oss, ikkje som oss
Mang ein hundeeigar vil nikke bekreftande til kor mykje vi har felles med dyra våre. Dette er sjølvsagt ikkje noko nytt. Men graden av engasjement for desse kjære dyra har nådd nye høgder. Vi ser individa for dei dei er – og vil at dei skal behandlast deretter.

Samtidig har dyra vi et eller et produkta av, omtrent slutta å vere levende vesen for oss. Berre dei aller færraste av oss møter nokon av dei mange dyra vi et, i levande live.

For folk åt kjøtt før òg. Men dei visste kva dei åt. Dei visste kven dei åt.

Det er samtidig ein samanheng mellom den meir intime nærleiken til kjæledyra våre og den stadig større distansen til dyra vi et. Dess meir vi identifiserer oss med våre eigne kjæledyr, dess meir blir kroppsdelane i kjøttdisken anonymiserte. På denne måten gjer dei det vanskeleg for oss å identifisere oss med dei vi et.

Vi lev som om det skulle vere eit absolutt skile mellom dei vi elskar og dei vi et. Men det skal ikkje meir til enn eit tilfeldig møte med ein gris, kylling eller ei ku for å skjønne at dette er vesen som er til forveksling like kjæledyra vi elskar i både følelsesregister og medvit – på så mange måtar også til forveksling like oss sjølv. Gå under vannet og du kan få same opplevinga med ein fisk.

Ein broten kontrakt
Dyra har umælande gått inn i ein kontrakt med oss. Dei fekk tryggheit og eit bra liv mot at livet vart forkorta. Dei fekk fôr og stell og moglegheita til nærheit både med oss og artsfrendane sine, mot at dette berre gjaldt så lenge vi fann det for godt, til vi ville ha kjøttet deira, til dei ikkje lenger klarte å produsere det vi ønskte frå dei. Dette, i staden for eit vilt, fritt, men meir risikabelt tilvære der ute i naturen.

Men vi har brote denne kontrakten. Da kjøtt og mjølk og egg vart storindustri, følgde ikkje vi lenger opp vår del av avtalen. Vi bura dei inne, i isolasjon eller overfylte bur. Nærheit og velvære vart erstatta av teknikk og produksjonsmål.

Det spesielle ansvaret vårt
Men kvifor skal akkurat vi bry oss med dei rundt oss? Naturen er ikkje ein snill stad. Men menneskje er ikkje der i naturen som kva som helst slags annan art. Det at vi kan tenkje heilskapleg over vår plass i verda og korleis vi behandlar alle andre, er kanskje den einaste absolutte vesensforskjellen mellom oss og dyra. Ingen annan art har heller slik ei absolutt makt over nesten alle andre. Dette gir oss òg eit spesielt ansvar.

Ærlegdom
Vi blir nok aldri ein art av vegetarianarar. Men vi skyldar dei millionane av dyr vi fortærer, at dei har eit best mogleg liv før vi hiver dei oppstykkja opp i grytene eller smør dei utover brødskivene. Vi skyldar dei å tenkje på dei som noko litt meir enn berre pris og smak og volum.

Vi kan gjere mykje meir for at dyra kan få betre liv, før dei faktisk ofrar livet for vårt konsum. Mange har alt gått føre og aler opp dyr i mest mogleg naturlege omgivnader. Om dette vart standarden, ville det sjølvsagt også gjere noko med prisane på det vi kjøper. Men når vi ikkje lenger kan fylle handlekorga med dyredel etter dyredel til 29,50 kiloen, om kjøtt faktisk blir dyrt igjen samanlikna med annan mat, er det kanskje noko som kan få oss til å begynne å tenkje ein gong til på alle desse vesena vi et.

Vi bør kunne ha ei ærlegare marknadsføring. Griseinnvolane malt opp og dytta ned i små hermetikkboksar med festlege avbildingar av smilande barn, stykka med kyllingfiletar i steril plast dekorerte med lykkelege heterofamiliar, kva slags vesen var eigentleg dette? Kva slags liv hadde desse dyra? Vi burde hatt ei merking som viste oss nettopp dette. Korleis dei voks opp. Korleis dei levde. Korleis dei døydde.

Mens vi fortviler og demonstrerer for skjebnen til ein enkelt hund, bør vi kunne ha ein matpolitikk som er ærleg nok til å vise at kvart av dei dyra som endar opp i matdisken, ikkje er noko vesensforskjellige frå dei vi kjæler med i heimane våre.

I kva grad dette vil avgrense kjøttkonsumet, er usikkert, men det ville i alle fall gjere det mindre lett for oss å ignorere kva det er vi et – kven vi et.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar