søndag 30. mai 2010

La, la, la. Melodi Grand Prix og den nasjonale identiteten


Utdrag fra Syn og segn nr. 2, 2010, der hele artikkelen kan leses.

«La, la, la,», song Joan Manuel Serrat i 1968 og skapte nesten nasjonal krise i det fascistiske Spania. Bosniske Fazla song «Shala lalala» i 1993 og gjorde leiinga i Den europeiske kringkastingsunionen (EBU) alvorleg bekymra. Samanhengen mellom musikk og nasjonal identitet er sjeldan meir synleg og skapar sjeldan større bølgjer enn i Melodi Grand Prix.

I 2007 vann den svenske låtskrivaren Thomas G:son den norske grandprixfinalen med songen Ven a bailar conmigo, framført på engelsk og spansk av B-kjendisen Guri Schanke. Dette var altså årets norske forsøk på å presentere nasjonen for eit europeisk fjernsynspublikum. I kva grad nokon utanfor Noreg fann noko norsk ved denne songen, er svært uvisst. Låten fanga heller aldri det norske folket, anna enn med ei kort gjesting på Norsktoppen og på ymse homodiskotek.

Når det gjeld eit norsk etnisk særpreg, forstått som tradisjonell norsk folkekultur, er dette sjølvsagt totalt fråverande i Thomas G:son sin grandprixlåt. Men nasjonal identitet er ikkje alltid det same som etnisk særpreg. Ven a bailar conmigo er slett ikkje utan nasjonale referansar, tvert om. Referansane er likevel såpass indirekte at ein må ha ein viss kunnskap om norsk kultur for å sjå dei. Sjølve låten, med sin svenske opphavsmann, har eit sett av fellesskandinaviske referansar som nordmenn ikkje berre lett kan kjenne seg igjen i, men som vi lett kan trykke til brystet som heilt og fullt norske. Det ikkje heilt gjennomførte forsøket på spansk song og dans tar sjølvsagt alle norske sosiologar eller og tidlegare sydenturistar tilbake til Mallorca, Benidorm eller Gran Canaria. Songen er ein musikalsk repetisjon av det Gro Anita Schønn song om i Eviva España, da ho i byrjinga på syttitalet sit på hybelen sin og ser på regnet der ute medan ho tenkjer med lengt på ferien sin i Marbella: «Ned fra veggen tar jeg mine kastanjetter. Nå vil jeg danse flamenco, bare se. Det skal klapre i parketten flere netter fra mine hæler når jeg roper ut ¡Olé!» Guri Schanke sine entusiastiske hispanofile dansesteg på scenegolvet er sjølve verkeleggjeringa av denne ultimate spanske feriedraumen: Medan Schønn syng «Så hør min glade feriesang. Eviva España. Vi sang den hele natten lang», istemmer Schanke «Ven a bailar conmigo (Kom og dans med meg). Let’s dance the night away.»

Men det er ikkje berre sjølve songen Ven a bailar conmigo som spelar på akkurat desse nasjonale strengane. Den da 45 år gamle Guri Schanke var òg den perfekte artisten til å få fram dei rette syden-assosiasjonane. Med dansesteg som ville imponert i kvart eit førtiårslag og avkrefta rykte om truselaus framføring, var ho den arketypiske norske sydenfararen på venninnetur (eller med full og fråverande ektemann) som tar kontroll over dansegolvet på hotell Castell de Mar saman med ein eller annan spansk kelner. Meir norsk enn dette kan det vanskeleg bli. Vi har alle vore som henne – eller har ønskt å vere som henne. At låtskrivaren er svensk, berre høgnar sydenstemninga ytterlegare. For vi er aldri så fellesskandinaviske som når vi er i Syden.

Men ein eller annan stad glapp det, og Ven a bailar conmigo blei aldri låten som samlar nordmenn, verken i full eller edru tilstand. Tre år etter at Guri Schanke ikkje klarte å syngje seg vidare frå den internasjonale semifinalen, må ein nok leite ei stund for å finne nokon som hugsar refrenget. Kan hende det heile berre blei for utleverande. Dei spanske rytmane, slik berre ein skandinav kan framføre dei, klarte heller aldri å kome ut av skyggen til Gro Anita Schønns meir opphavlege musikalske feriedraum.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar